søndag 25. januar 2009

Ein innhaldsrik sundag

I dag var det vår kyrkjelyd sin tur til å helse på den nye prosten i Hardanger og Voss prosti, som det heiter. Kyrkja slik ho er idag, var ferdig bygd i 1851, men her har vore kyrkje langt tilbake......iallfall til 1300- talet.

(Dette sumarsbiletet av kyrkja er S. Ulvund sitt, Voss now)
Vegen du ser bakom kyrkja er E16...

Prosten med frue vert ynskt velkomen av leiaren i soknerådet.

Etter gudstenesta var det tid for kyrkjekaffi og ein prat.

Oda forsyner seg med lappe og syltetøy

Medan me var i kyrkja hadde sola vore på besøk, for fyrste gong i stova i år.........rakk nett å ta eit bilde før ho var borte igjen.

Etter sundagsmiddag og ein liten kvil var det klart for neste post på programmet:

Konsert til inntekt for Frelssarmèen. Her stiller alle opp gratis, frå utøvarar til lyd/lysfolk.
Eit flott tiltak.....masse flott musikk. .....som varde i 3 timar!


Vart so elendig kvalitet på bileta at eg skal spare dykk.....ikkje so lett med mitt vesle kamera, nokon rader bak i salen..... men nokon eg ta med, som dette av jazzgruppa Smiletones, der yngste son står med trompeten i handa.

Kvart år har konserten ein "hemmeleg" gjest, og kven andre enn denne dama dukka opp på scena :Ingvild Bryn, kjend frå Dagsrevyen. Ho gjesta heimbygda og kunne både prate, spele og synge....

Anne Grethe i Frelsesarmèen har motteke sjekken på over 100 000 kr som nok kjem vel med i deira arbeid for dei som treng det mest.

Slik vart denne sundagen, ein god dag.

Ha ei god veke, og hjartans takk til alle som er innom og legg att ein kommentar, de gjer blogginga til ei stor glede!

2 kommentarer:

Nikoline sa...

Ein skikkeleg "kulturell" søndag ser eg.. Ein treng vel til eit gudsord innimellom alle og einkvar..
Ha ei superflott veke!

~♥~ Monica S sa...

For ein aktiv og koseleg dag du har hatt!! :-) Kjekt når det er litt aktivitet rundt i grendi!! ;-)

Monica

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...