tirsdag 27. januar 2009

Utfordringane strøymer på..

Utfordring nr 1: Denne fekk eg frå Nikoline og den gjeld å vise ein favoritt-ting frå heimen.

Ser på andre bloggar at det ofte er ting ein fått i arv som er favorittar. Det same gjeld nok her hjå meg...har mange ting er glad i og denne kista er ein av dei.
Arva den etter mor mi som gjekk bort for 6 år sidan. Ho var fødd i 1917 og årstalet på kista er 1925, also fekk ho den når ho var 8 år gammal. Har lurt på kvifor nett då, men det vart aldri at eg spurde om det. Me er seks sysken, og reine flaksen gjorde at det vart eg som fekk den.






Utfordring nr 2: Her skal ein finne bilete nr6 i mappe nr 6 og fortelje litt om det. Denne fekk eg frå Gamleheksa...
Mitt bidrag her vert dette bilete av røykjehuset på garden. I tidligarte tider vart det òg brukt som smie...
Ei ny utmerking har eg òg fått, frå Monica S Tusen takk for den!

Har fått den før, men vert like glad kvar gong eg får ei utmerking.

Det var visst alt for i dag, ha ein god tysdag kveld!

5 kommentarer:

Unknown sa...

For ei utruleg flott kiste!!
Så kjekt å ha eit sånt arvestykke i hus...
Likte røykjehuset ditt og...
Mannen i mitt liv drøymer om å byggje seg eit bryggehus;0)
Ha ein fin kveld, klem

~♥~ Monica S sa...

NYDELIG kiste!! Dei visste kva dei gjorde tidleg på 1900-talet med malingskosten!!
Eg har samme handtak på kista mi.. veldig greie når ein skal flytte ho..

FLOTT røykjehus/smie.. er så koseleg med sånne gamle små stuer...

Monica

Turid sa...

Så flott den kisten din var! Skjønner godt at du er glad i den.

Fint bilde av det gamle røykehuset også, og gratulerer med utmerkelsen;)

Anne sa...

Kjempe flott kiste du har arvet:) Kjekt å arve slike flotte ting!
Ha en fin dag videre!:)

Sonja sa...

Den kista må du da være spesiet glad i. Nydelig var den.Jeg er helt hekta på sånne ting med sjel og historie til.
Disse tingene forteller jo litt om gamle tradisjoner. Tenk hvor viktig det var med en egen kiste,for eksempel brudekiste.

Sonja

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...