fredag 10. oktober 2008

Awardar og kattungar

Awardane strøymer på, og eg vert so glad for å få dei.....på same måten som eg gledar meg over kvar einaste koselege kommentar eg får.....MEN eg har vore forferdeleg sløv med å bringe dei vidare....syns rett og slett det er litt vanskeleg. Men no har eg bestemt meg for å skjerpe meg.....kan kanskje verke utakknemleg om eg ikkje bryr meg sopass..osv...
Desse to fyrste har eg fått av Steinbokkjen, ein blogg eg besøkjer ofte....

Dei vil eg gje vidare til:
Ingrids ull og tull- som er veslesystera mi og ein racer med strikkepinnane...
Lemi -som for tida heklar flotte huer...og lagar andre fine ting.
Janne i Fagerlia -ei dame som er kjempeflink å male + masse anna.....

Og sjå på denne stilige då...eit troll passar vel bra til meg. Den fekk eg av mormor som òg er på blogglista mi.......ta ein tur innom å sjå kva fine ord som fylgde med....ååååå, eg er kry!!!!

Denne gjev eg vidare til Nikoline - som eg har fått inspirasjon av i årevis, og so er ho no litt "trollete" ho òg...(... i positiv forstand, sjølvsagt)

So til noko heilt anna: Me har to små, søte pusar....+ pusemor sjølvsagt.
Greitt so lenge dei heldt seg opp i korga, men dei vil fram og ut....og framtida er uviss.
Tenkte eg skulle setje opp ein lapp med bilde på nærbutikken i håp om at nokon vil overta dei, men har ein følelse av at det er "overflod" av kattungar.
























"Me vil ut i verda...."


Ei riktig god helg til alle !

6 kommentarer:

Nikoline sa...

Åååå...tusen takk kjære deg, det der var vel ein SUPER award!!!!
No vart eg glad no!
Og skjønne pusekattar.. skulle gjerne hatt ein slik,men det veit eg at gemalen (og Argon) ikkje gjerne ville..
Ha ei super helg! Og igjen tusen takk for den fine awarden!

Linda sa...

Gratulerer med Awardar!!! du fortjener dei!

og pusepusane, so søte.. hadde vi budd nermare (haha) hadde eg overtatt dei begge to! nuddelige!

Lemi sa...

tuusen takk kjære du! d varma godt innabords ;) fine va di... dem ska opp på bloggen min..

ha ei strålene helg!

Janne i Fagerlia sa...

Tusen takk for awarden jeg fikk fra deg. Skal bringe den videre ganske snart. Nusselige kattunger på bildene dine.

God helg til deg!

Anonym sa...

Takk for komentar!
Hvist du ser på juni 2007 ser du noe av dey jeg har malt!
Hvor henter du mønstre til maling fra? Jeg har mange bøker jeg tar motivene fra.
Skjønne kattunger!!

Mor Kari sa...

Du har en koselig blogg, så du fortjener mange awarder!
Kattepusene er jo bare bedårende!!!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...