torsdag 2. oktober 2008

TINKA..


...kom til oss i går kveld. Dvs ho kom ikkje akkurat av seg sjølv. Ho var bestilt, og i går var det avtalt at me skulle hente henne. Tinka er ei Border Collie tispe og ca 2mnd. Me har to hundar frå før, og ein kan vel undre seg kvifor skaffe seg ein til. Men forklaringa er denne: Teddy (som er snart 10 år gammal) er ein super gjetarhund. Men han dreg på åra, og i beste fall kan ein rekne med at han klarar oppgåvene sine eit par år til. Etter kvart har me tenkt på at han må få ein arvtakar, og med Teddy som far, og ei tispe som òg var god til gjeting som mor, måtte det vere den perfekte "match". Men desverre, dottera Lussi er totalt blotta for dei "rette" eigenskapane. Verkar som ho ikkje skjønar vitsen med å ringe inn saueflokken når ho like godt kan springe rett igjennom den.

Dermed var me like langt...og no begynte det å haste. Ein ny hund vart bestilt og no er det Tinka me set vår lit til......dama me kjøpte den av er landskjent for å ale opp gode gjetarhundar.....(sjølv om det ikkje er nokon garanti)...

Ingen tvil om at me er kome til rett hus...


Far til Tinka..

..og mora..


Første møte.....Lussi er veldig interessert...men Teddy kan styre si begeistring over dette nye "vesenet" som er kome i hus.




I morgon er det tid for loppemarknad, Hurra!

God helg!

6 kommentarer:

Linda sa...

Gretulere med ny voffs i hus og velkommen til gards Tinka!

Blir spanande å sjå om Tinka tar etter sin nye Pappa (reknar med Teddy'en blir adoptivfaren etterkvart)!

kos dåkke på loppemarknad!

Anonym sa...

For en nydelig hjerteknuser.Gratulerer med det nye familiemedlemmet.

johanne`s rom sa...

Å..så hærlig - blir helt "syk" jeg, men vi har bestemt oss for å ikke ha noen ny hund, foreløpig iallefall. Men du verden å jeg savner en turkamerat. Ha en hyggelig dag.

Lemi sa...

så deilig lite ban... pakken e kommet ;) sk overføre peng t deg, så kjem d vel no i posten som takk en dag ;)

takk for hjelpa!

Janne i Fagerlia sa...

Til lykke med den nyankomne! Den var aldeles bedårende. Håper du viser oss hva du finner på "loppis".

God helg til deg fra Janne i Kristiansund!

Ingrid sa...

ÅÅÅÅ so fin ho er.Ser ikkje ut som Teddy syns det er noke stas å bli stefar på sine eldre dager.Blir spennande å høyre om loppemarknaden !!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...