...har gjort det ei stund og er ferdig med forhaustarslåtten.
I dag var me grytidleg oppe.....og fekk slege og raka ihop ein teig før jobb.....med den varmen me har no er det absolutt å føretrekkje.......godt å jobbe før sola steikjer....sjølv om me absolutt ikkje er nokon "morgonfuglar" til vanleg.
I dei bratte bakkane (som me har mest av) er det berre ein måte å få graset i hus (siloen) på:
Slå med maskin......
Svanse det ihop......
Rake......
Lesse det på traktoren.....
Køyre det i siloen....
Eigentleg ikkje rart at dette arbeidet tek det meste av sommaren......og ein kan til tider lure på kva tullingar me er som brukar all vår fritid på dette... Kan godt innrømme: av og til (når den eine etter den andre reiser på ferie) er eg sur og lei..........men det går fort over..... heldigvis både for meg og bonden ( som takk og lov er av det tolmodige slaget).
For det er dette me vil drive med.......og når garden er nyslegen og alt er kome i hus.....då er me fornøgde, då!
Er nok av gardsbruk i dette landet som gror til!!
Med dette "visdomsordet" ynskjer eg alle ei super helg, den siste i juni!!