Mitt forrige innlegg var ikkje nett av det glade slaget. Stoffa eg fekk frå USA var nydelege, men vannskada under transporten til Norge. Fekk tips her i bloggen om å vaske dei med
colour catching. Undersøkte fyrst eit par daglegvarebutikkar uten resultat. Neste forsøk vart fargehandel. Mannen bak disken klødde seg i hovet:"Har aldri høyrt om da. Må vere noko dei brukar bort i Amerika", var hans konklusjon. Men på ein ny butikk fann eg VANISH, som skulle vere ypperleg til flekkfjerning.
Har hatt mailkontakt med butikken i USA. Dei ville ha heile sendinga returnert. Skulle få att pengane, eventuelt nye stoff, MEN eg måtte betale portoen sjølv.
Bestemte meg for å prøve med Vanish, og det gjorde "susen". Etter 3 omgangar i vaskemaskina er dei
nesten heilt fine..Berre på det eine kan eg sjå litt skjoldar.
Sjå desse fine rosestoffa:




Sidan frakta frå Norge til USA er omtrent dobbel so mykje som andre vegen, har eg bestemt meg for å behalde stoffa. Kan trass alt bruke det meste av dei...
Alt i alt kan ein vel sei at det enda bra..
Og prisen for desse: Ca kr 55.- pr meter (inkl porto) ....og dei har eit utvalg du kan misse pusten av...vert meir handel på Ebay for min del, det er heilt sikkert. Men kanskje eg må fylgje med på vermeldingane, og få stoffa sendt over Atlanteren i "godversperiodar"?
Hjarteleg takk for alle hyggelege kommentarar, det gjer meg so glad!!
Ha ei gild seinsommarhelg!