lørdag 9. august 2008

Kommode



Ein liten kommode frå IKEA vart dagens prosjekt her hjå meg. Den har vore i bruk lenge, ubehandla og kjedeleg..I den store, kvite malesjauen på arbeidsrommet fekk den eit par strøk den òg, ilag med hyller, veggar osv. ..Apr. arbeidsrommet...det er nesten ferdig og skal snart stå fram i all sin prakt her på bloggen òg. Men det vart so kvitt der inne, eg må berre ha litt meir farge...I fyrste omgang vart det kommoden sin tur.
Fram med stoff, saks, decopagelim osv.


Snudde skuffene andre vegen og limte på stoffet. Trekuler er malte og skrudde på som knottar.

Resultatet vart slett ikkje verst, om eg so må sei det søjlv...

Ha ein fin sundag i vente!

5 kommentarer:

Rosa sa...

Den vart utruleg fin! Skikkeleg oppfriskar i alt det kvite der inne no - flott idè :)

Marie sa...

Nydeleg kommode! Kreativt og fargerikt!

Eg likar blommar som gror og veks villig, ikkje slike sære som er vanskelege å få til :)
Kjekt med ulike sorter, både stauder og sommarblommar.

God søndag :)

Berit T sa...

Kjempeflott rett og slett!!!

Anonym sa...

Kjempefin !!!! Min er trekvit og kjedeleg .

ingrid

Torunn sa...

Så utrolig fin den kommoden din ble!!!

Ja, de glassene er kjøpt på IKEA de også :-). Tenk....49,- kr for 6 glass!! Jeg kjøpte de 12 siste de hadde igjen i Trondheim, men jammen skal jeg ta meg en tur senere og se om jeg får tak i flere!

Glad søndag .-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...