lørdag 2. august 2008

Reisebrev

Me held oss stadig på Austlandet......Har hatt to fine dagar på tur.Var i Hunderfossen Familiepark i går, kjekt for både liten og stor...kunne gjerne teke den turen gjennom Eventyrslottet mange gonger.Er so fint tillaga, og turen går so altfor fort....men mange skal vel innom kvar dag.



I dag var det Mjøsmarkedet som stod på programmet. Bonden vart purra opp styggtidleg for at eg skulle vere på plass i sjutida...Han er eigentleg ikkje so veldig interessert i heile greia, er vel mest med for husfreden si skuld... det set eg stor pris på....og det veit han om.
For dei som ikkje har vore der... tenk deg eit gigantisk loppemarked..450 seljarar i dag. Og der finn du alt, frå brodergarn til gamle bildelar (ganske mykje bildeler, forresten). Dette må vere eit mekka for samlarar.



Kva med ein veltepetter?

Det eg kjøpte, kjem eg tilbake til....
Yr.no har vore flittig besøkt siste dagane, det var spådd regn, men ikkje før på ettermiddag..
det stemde ganske bra, kl eitt var det som om alle himmelens sluser opna seg...



Det var berre å spring tilbake til bilen og "redde" seg i hus. Og no sit me her i pøsregnet......men i morgon fèr me heim att...det skal bli bra....
Ha ein god sundag!

2 kommentarer:

Jorunn sa...

Hei på deg! Det markedet så spennende ut :0) Kunne faktisk tenkt meg en veltepetter! Tenk å ha den som pynt i stua du *ler*

Besta sa...

Ja, borte bra, hjemme best. Har det på samme måten får slik lyst og reise, og da går ikke mange dagene før jeg får slik lyst til å komme meg hjem igjen.Det er vel der vi føler oss tryggest. Klem

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...