fredag 15. august 2008

Amerikapakke forts...

Mitt forrige innlegg var ikkje nett av det glade slaget. Stoffa eg fekk frå USA var nydelege, men vannskada under transporten til Norge. Fekk tips her i bloggen om å vaske dei med colour catching. Undersøkte fyrst eit par daglegvarebutikkar uten resultat. Neste forsøk vart fargehandel. Mannen bak disken klødde seg i hovet:"Har aldri høyrt om da. Må vere noko dei brukar bort i Amerika", var hans konklusjon. Men på ein ny butikk fann eg VANISH, som skulle vere ypperleg til flekkfjerning.

Har hatt mailkontakt med butikken i USA. Dei ville ha heile sendinga returnert. Skulle få att pengane, eventuelt nye stoff, MEN eg måtte betale portoen sjølv.

Bestemte meg for å prøve med Vanish, og det gjorde "susen". Etter 3 omgangar i vaskemaskina er dei nesten heilt fine..Berre på det eine kan eg sjå litt skjoldar.

Sjå desse fine rosestoffa:






Sidan frakta frå Norge til USA er omtrent dobbel so mykje som andre vegen, har eg bestemt meg for å behalde stoffa. Kan trass alt bruke det meste av dei...
Alt i alt kan ein vel sei at det enda bra..
Og prisen for desse: Ca kr 55.- pr meter (inkl porto) ....og dei har eit utvalg du kan misse pusten av...vert meir handel på Ebay for min del, det er heilt sikkert. Men kanskje eg må fylgje med på vermeldingane, og få stoffa sendt over Atlanteren i "godversperiodar"?

Hjarteleg takk for alle hyggelege kommentarar, det gjer meg so glad!!

Ha ei gild seinsommarhelg!

4 kommentarer:

Nikoline sa...

Hei på deg,ja so var det tebakers til da gamla... Veit no ikkje heilt om produksjonslysta er heilt på plass endå,men forstår det er på tide og komma seg i gang.
So synd,so synd med stoffa dine!! Men det ser ut for at du har klart å fiksa det bra.STOFFA VAR KJEMPEFINE! Kunne hatt dei berre for å sjå på som augegodt...
Ser også at håndarbeidsposen min er ferdig. Akkurat slik eg hadde tenkt den.Ja,du får det til du!
Ha ei fin helg. :0)

Ingrid sa...

blir spennande å sjå kva du lagar av desse fiiiine stoffa !!

Kjersti M sa...

Helt nydelige stoffer - fint at du berget dem og kan bruke det meste. Blir spennde å se hva som kommmer ut av det :O)
Tror jeg må inn på denne Ebay og se utvalget, det er så mange som kjøper mye flott der. Og disse stoffene var helt meg.

Besta sa...

Det var nydelige stoff du har kjøpt. Bra du fikk de fin igjen.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...