fredag 8. august 2008

Dongeri....

likar eg å sy av. Har ikkje vore kasta mange utrangerte dongeribukser her i huset, nei. Ein gong når eg får tid, då skal dei komme til nytte, har eg tenkt...(..og det har mange av dei). Og sidan raudt er favorittfargen min, vert den ofte kombinert nettopp med "gammal" dongeri. Syns det passar så godt i lag. Dette har eg hengande i gangen utfor kjøkkenet, sydd av 8 baklommar og 1 framlomme av utslitne dongeribukser ilag med diverse raudmønstra stoff.



..litt raude hjarte her og der...
Eit par vesker, den fyrste i sokalla crazyquilt.....( var foresten ikkje so mykje dongeri i denne)




"Rufseveska" som eg brukar på jobb, sydd av beinet på ei bukse og fòra med eit raudt bamsestoff. Var visst raude hjarte her òg, hm...

1 kommentar:

Mita`s hjørne sa...

Heisann...
Så koselig med en kommentar fra deg...
Det teppet av dongerilommer var knallfint - og veska... har en haug med dongeribukser liggende til "ideene faller i hodet på meg"... så en dag blir det kanskje noe av de...

Ha ei koselig helg og uke...

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...