søndag 3. august 2008

...heime att.

Ja, me er heime att etter ei kjekk helg ilag med dotter, svigerson og to borneborn. Ikkje so lange ferieturen, men akkurat passeleg for min del.. er nok litt sprø der....har so forferdeleg lyst å reise på tur...men etter eit par døgn, kjem heimlengselen over meg. I går kveld kunne eg gladeleg sett meg i bilen og reist. Men måtte sjølvsagt roe meg ned til i dag. Heldigvis vakna dei små i sjutida, so me kom oss avgarde tidleg...raskaste veg heim. Alle ser vel at dette bildet frå Lærdalstunnellen er teke på turen vestover!!!! ...ME ER PÅ VEG HEIMATT...

Takka vere at me reiste så tidleg, rakk me bursdagfeiring til borneborn òg.....masse gode kaker......veldig kjekt!


Og i morgon ventar jobben..


Ha ei god veke!

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...